Å toppe eller ikkje toppe


Author:

Author ImageSteinar Bøyum

Topping i barnefotball er omdiskutert. Men sportsleg utvikling og sosiale omsyn treng ikkje vere motsetningar.

Dei siste dagane har debatten om topping i barnefotball blussa opp igjen. Ofte blir spørsmålet om topping framstilt som ein konflikt mellom omsynet til sportsleg utvikling på dei eine sida og sosiale omsyn på den andre sida. Dette biletet er likevel for enkelt. På mange måtar dreg talentutvikling og sosialt samhald i same retning.

Så vidt eg veit finst det ikkje forsking som viser at topping av lag leier til betre fotballspelarar på seniornivå. Sjølv om ein aksepterer at kvaliteten til norsk toppfotball skal vere det avgjerande kriteriet også for organiseringa av barnefotballen, noko eg ikkje gjer, skal ein difor ikkje ta det for gitt at topping er vegen å gå. Ja, barn må få utfordringar tilpassa sitt nivå, men det taler like mykje mot topping som for.

Det er ei vanleg misforståing å tru at topping utan vidare er prestasjonsfremjande. Mykje av den uformelle toppinga ein ser rundt om på fotballbanar tener sannsynlegvis heller ikkje talentutviklinga. Det er like dårleg for den individuelle utviklinga å vinne 10-0 kvar gong som å tape 10-0 kvar gong. Det mest lærerike er å møte jambyrdig motstand. Så på dette punktet står ikkje sosiale omsyn i motsetning til sportsleg utvikling.

Samtidig er det også vanleg å misforstå kva fråvær av topping tyder. Å ikkje toppe er ikkje det same som at alle skal spele like mykje. Det overordna prinsippet er at ein skal møte jamn mostand, noko som er til fordel for både sportsleg utvikling og sosialt samhald. Derfor kan ein la dei gode spele meir mot sterke motstandarar, og dei mindre gode spele meir mot svakare motstandarar. Dette er også i tråd med Norges Fotballforbund sine retningslinjer. Målet er at alle skal spele omtrent like mykje sesongen sett under eitt, ikkje at alle skal spele like mykje i kvar kamp.

Men kan ein ikkje samle dei beste spelarane på eige lag som så spelar mot andre toppa lag? Her kan det vere interessant å samanlikne med diskusjonar om nivåinndeling i skulen. Også her høyrer ein gjerne at ein får betre prestasjonar og utvikling gjennom å samle dei flinke i eigne klassar eller eigne skular, slik at dei kan bryne seg mot kvarandre og få undervising tilpassa sitt nivå. Er ikkje dette ei motsetning mellom prestasjonsnivå og sosialt samhald? Forsking kan tyde på at dette biletet er for enkelt. Det ser nemleg ut som om dei flinke tener lite på å bli plassert saman med andre flinke, medan dei mindre flinke tener mykje på å vere saman med dei flinke. Eg trur at det same gjeld lagidrett.

2 thoughts on “Å toppe eller ikkje toppe

  1. Author ImageRoger Torgersen

    Hos barn handler mye om å ivareta interessen og hyggen, blir det kjedelig blir det uinteressant samtidig er det viktig at man oppnår en mestringsfølelse nå og da det finnnes lite som er mer viktig for utvikling og interessen en følelsen av å lykkes.

    Mestringsfølelsen kan lettests dyrkes gjennom delmål tilpasset den enkelte hovedsaklig gjennom treningskulturen, spesielt hos unge barn skifter interesse og hva som er gøy omtrent som vinden på vestlandet det har lite met talent å gjøre, det er stort sett voksne som fokuserer på og at utvikling skal foregå i store steg. barn har det kjekkest og trives best når utvikling kommer i meget små og hyppige steg.

    Blir som veien, når vi er voksen er vi mest opptatt av at den er strak så vi kan komme fra a til b så raskt som mulig, mens når vi var barn var vi mest opptatt av hva som lå bak neste sving og ikke så mye om hva som lå i enden.

    Reply
  2. Author ImageOle Sjurdal

    Har to gutter som hoppet av fotball etter en sesong fordi de hadde tapt alle kampene hele sesongen. Nå spiller de håndball. Vinner, taper og spiller uavgjort om hverandre. Der har de øvd og uøvd pulje. Dermed kan man differansiere og dele spillergruppen opp i lag som får motstand på riktig nivå. Ungene vil da utvikle seg i sitt tempo og man beholder barna i aktivitet lenger enn om de som har kommet lengst skal vinne 10-0 over de som ikke har kommet så langt i sin utvikling. Kanskje dette burde gjøres i barnefotball også?

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *