Historia om oss sjølve og andre folkevandringar (del 1)

Å flytte seg frå ein stad til ein annan – på søken etter eventyr, ressursar eller tryggleik –  er eit grunnleggjande trekk ved oss menneske. Evna vår til å forlate og tilpasse oss ein stad til fordel for ein heilt annan har gjort oss til ein av dei mest levedyktige, høgareståande artane på kloden vår. I eit evolusjonært og historisk perspektiv er ikkje  folkevandringar unntaket, men snarare regelen og faktisk noko som definerer oss som menneske.

Etterforskar 70.000 år gamal forsvinning

Forsking på menneskefossil og genetiske studiar har dei siste åra sannsynleggjort at mykje av den tidlegaste menneskelege utviklinga gjekk føre seg i Afrika sør for Sahara. Det desse studiane ikkje seier noko om er kven dei aller første menneska eigentleg var på eit meir personleg plan. Korleis oppførte dei seg? Kva var dei opptatt av? Tenkte og oppførte dei seg på same vis som oss? I jakta på våre aller eldste menneskelege anar står arkeologar ved Universitetet i Bergen overfor eit 70.000 år gammalt forsvinningsmysterium av internasjonalt kaliber.