Author Image

Sigrid Eskeland Schütz

Distré eller juksemaker? Eksamensjuks i Høgsterett.

Er du av den distré typen eller vert du lamma av eksamensnervar som legg seg som ein bomullsdott i hovudet og gjer deg ute av stand til å tenkje klart? Då bør du ta dine førehandsreglar. Høgsterett har avgjort at ein av våre jusstudentar må reknast for å ha juksa på eksamen fordi han hadde lagt notatar på pulten ved bøkene som var innlevert til kontroll før eksamen. Resultatet av dommen er at sjølv om du ikkje har meint å jukse kan du likevel hamne i bås med juksemakaren.

Den internasjonale havforvaltinga er ikkje effektiv

Verdshava står overfor dei same utfordringane som Jorda si atmosfære. Dei samla aktivitetane nasjonalt, i det frie luftrommet og på det opne hav fører til overutnytting, med følgjer for klima og miljø. EU hevder å ha god erfaring i å utvikle ein samanhengande og integrert marin politikk, men karakteriserer internasjonal havforvalting som ineffektiv. Europakommisjonen dreg no i gong ei global idémyldring for å få til betre internasjonal havforvalting.