Sjå det gode ved dronen


Author:

Author ImageLars Nyre

Det er lett å tenkje at droneteknologi er negativt for samfunnet, men den tanken bør skiftast ut med meir positive haldningar.

I dette blogginnlegget spekulerer eg omkring det gode ved droner. Eg vil ta for meg tre profesjonar som kan forme dronefilm i ei positiv retning for offentlegheita, nemleg filmbransjen, journalistikken og akademia. Det er her potensialet for det gode er størst.

Les om Vismedia, det nye forskingsprosjektet om droner og visuelle teknologiar, i denne artikkelen i På Høyden.

Frykt for dronen

Den offentlege samtalen om dronefilm har preg av mediepanikk. Skrekkhistoriane florerer, og det er faren for at dronen fell ned og drep folk og at propellar kan kutta folk til blods. Føremålet med dronefilm vert tolka i verste meining, med vekt på muligheitane for overvåking, paparazzi-verksemd, personvernbrot og spionering frå onde aktørar.

Det offentlege inntrykket av dronefilm er prega av snusfornuft og lite tillit til operatørane. Alle er veldig følsomme for risiko, og er redde for konsekvensane heile tida. Reglane for droneflyging, og den offentlege oppfatninga av kva droner kan filme, vert skapt i ein tilstand av frykt.

Begeistring for dronen

Teknologi-analysen burde etter mitt syn føregå heilt omvendt. Fyrst burde offentlegheita vore full av begeistring for alt det fantastiske som går an å gjere med dronefilm. Både innafor journalistikk, forsking og medievitskap burde ein undersøke uttrykkspotensialet til ein ny teknologi, og deretter sakte, men sikkert forholde seg til kva regelverk og tilltsrelasjonar som er rimelege.

Denne strategien kan kallast mediedesign. Her gjer menneska eit forsøk på å forme teknologien til sine behov, og iverksetje den i samfunnet.

Estetikk i filmbransjen

BBC sine naturprogram har i  mange år hatt dronefilm frå kystlinjer, forrevne isbrear, og fjelltoppar. I moderne film- og fjernsynsproduksjon er produksjonsverdiane ofte svært høge, og dronen er i ferd med å verte integrert i bransjen saman med andre verktøy som bruk av krane, kamerakøyring på eigen bane, etc.

NRK er med å konstruere ein drone-estetikk i norsk fjernsyn. Deira sommarbåt-produksjon sommaren 2015 er eit godt døme. Her var det video av skipsprosesjonen ut fjorden, med hundrevis av småbåtar. Dette visuelle tablået kunne no sjåast frå ca. 100 meter over bakken, med eit jamt visuelt perspektiv frå høgt der oppe. Dei vakraste bilete av kulturlandskap og naturområde kan takast frå denne droneposisjonen.

Kritikk i journalistikk

Det er kanskje ikkje journalistikken som har kome lengst med dronefilm, men det er dei som har størt potensial for å bruka den som eit undersøkande verktøy – ja, nesten som eit våpen.

Les om britiske journalistars forsøk på å laga kritisk journalistikk på nye måtar.

Journalistar må konstruere samfunnskritikk på nye måtar. Dei må vidareføre den kritiske etterforskinga av maktforhold i samfunnet med dei teknologiane som er tilgjengelege.

Film laga med flygande kamera kan vere den lille manns forsvarar, slik som når ei lokalavis avslører politibrutalitet mot uskuldige demonstrantar ved å filme med drone over takhøgde.  Journalistar kan bruke droner til å avsløre lovbrot som føregår bak høge murar, eller i utilgjengelege naturområde.

Grunnforsking i akademia

Universitetet må har miljø som driv med grunnforsking på droner og deira bruksområde, med særleg vekt på kva den kan bidra med i offentlegheita. Akademisk forsking bør intil vidare vere lab-basert og eksperimentell.

Det er særleg viktig å forstå dronens muligheitar for “autonomi”. Det er råd med intelligent sjølvstyring utifrå dronen sin posisjon, bevegelsar, føremål, etc.

I tillegg til kamera kan ein ein drone ha GPS-posisjonering, høgdemålar, varmekamera, infraraudt kamera, temperaturmålar, etc. Alle desse informasjonstypane kan kombinerast på interessante måtar.

Les om studentane som eksperimenterte med journalistikk for smartklokker i 2015.

Kan vi styre teknologien?

Medievitskap og journalistikkforsking kan no, etter mange tiår med meta-refleksjon over mediene si rolle i samfunnet, prøve å vere nyttig for samfunnet. Målsetjinga kan vera å prøve å lage nye sjangrar som brukar dronefilm og er redaksjonelt ansvarlege, og dermed lage god kommunikasjon for dronen.

Filmbransjen, journalistikken og akademia utgjer tre profesjonar der god dronefilm sakte, men sikkert vert konstruert. Slike praksisar vil over tid kunne gjere droneteknologi til eit anerkjent produksjonsverktøy. Det ville vere eit framskritt for alle som likar film, fjernsyn og videoproduksjon generelt.

Bakgrunnslitteratur:

Arnesen, Marius (2015) «Droner – alt du trenger å vite», NRKbeta 23. januar 2015.

Gynnild, Astrid (2014) «Droner, integritet og dømmekraft», i Vox Publica 10. oktober 2014.

Skrede, Sindre (2014) «NRK Luftfoto er født», NRKbeta 15. mai 2014.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *