Bjoertvedt 2008

Domstolsprøving av forvaltinga


Det er lange tradisjonar for at domstolen overvaker om forvaltinga har handla lovstridig. Eit vanskelegare spørsmål er korvidt domstolen skal overprøve om ei forvaltingsavgjerd er rimeleg balansert, og andre meir politiske og verdilada avvegingar i forvaltinga.

Forvaltinga, anten det er Fylkesmannen som set pålegg til private etter forureiningslova eller NAV etter sosialtenestelova, må følgje dei skrankane lova set. Lovfastsette skrankar for kva forvaltingsorgan som kan ta avgjerda og kva avgjerda kan gå ut på, må forvaltinga respektere. For oss er det ein grunnleggjande rettstryggleiksgaranti at om vi meiner skrankane er brotne, kan vi klage på avgjerda til overordna forvaltningsorgan, eller endatil bringe den inn for domstolen.

For mange spørsmål vil likevel lova vere taus, og vi kan ikkje vise til at avgjerda representerer brot på konkrete reglar. Lovgjevar kan vanskeleg på førehand i detalj regulere alle spørsmål som oppstår, og i mange samanhengar overlèt lova, innanfor visse rammer, til forvaltinga å treffe ei avgjerd som byggjer på kva forvaltinga finn føremålstenleg. Avgjerda kan takast etter det som juristar gjerne karakteriserer som «fritt skjønn». Kva då med rettstryggleiken, er det fritt fram for forvaltinga i slike saker?

Det er lange tradisjonar for at domstolen her ikkje stiller seg på sidelinja, men overvaker om forvaltinga har overskride kompetansen sin. Det er utvikla ei «myndigheitsmisbrukslære», som byggjer på at domstolen prøver om det i avgjerda er lagt vekt på utanforliggjande omsyn, om avgjerda er vilkårleg eller sterkt urimeleg, eller er utslag av usakleg forskjellshandsaming. Juristar diskuterer kva som ligg i denne læra, m. a. om den set eit allment krav om at forvaltinga sine avgjerder må vere proporsjonale (forholdsmessige). Høgsterett har i to nyare saker avvist at det gjeld eit slikt krav på allment (ulovfesta) grunnlag i norsk rett, Rt. 2008 side 560 og Rt. 2011 side 304.

Diskusjonen held likevel fram, og som ledd i dette har ei gruppe forskarar innan rettsvitskap, underteikna medrekna, studert nærare «Forholdsmessighetsvurderinger i forvaltningsretten» (Karl Harald Søvig (red.), Fagbokforlaget 2015). Krav om å vurdere kva som er rimeleg i samsvar eller forholdsmessig/proporsjonalt, viser seg å gå att i mange rettslege samanhengar både innanfor menneskerettane og i Grunnlova. Det heiter no t.d. i Grunnlova § 98 at «Alle er like for lova. Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg [uforholdsmessig] forskjellsbehandling.»

EU-retten har særleg utvikla kravet om å skape rimeleg samsvar, og med det sikre grunnleggande rettferdsomsyn. Proporsjonalitetsprinsippet vil typisk kunne gjerast gjeldande som grunnlag for å hevde at forvaltinga har gått for langt, slik at det ikkje er rimeleg samsvar mellom mål som vert søkt nådd, og middelet forvaltinga tek i bruk. Etter EU-retten må vedtaket og det forvaltinga føreskriv her, vere eigna til å nå målsetjinga ved det. Dette er neppe kontroversielt. Meir framant er krav om at tiltaket må vere naudsynleg, og under dette eit krav om at forvaltinga skal velje det alternativet som er minst inngripande mellom fleire aktuelle alternativ. Endeleg vil EU-domstolen også kunne prøve om tiltaket er proporsjonalt i streng tyding, altså prøve forvaltinga si meir politiske og verdilada avveging.

Uavhengig av at Høgsterett har forkasta proporsjonalitetsprinsippet som allmenn norm for domstolskontroll, bør etter mitt syn forvaltinga med føremon innarbeide ei vurdering av kva alternativ som er minst inngripande, og vurdere om resultatet som vert vurdert er rimeleg balansert. I kva grad domstolen vil prøve proporsjonaliteten, vil også framover avhenge av lovgrunnlaget og sakstypen.

 

Foto; Høgsterett, Bjoertvedt 2008

 

One thought on “Domstolsprøving av forvaltinga

  1. Author ImageTony Eikelmann

    Kanskje lovgivere burde tenke seg litt mere om før de vedtok lover og lovtekst. I det minste burde de selv forstå hva de vedtar.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *