Historia om oss sjølve og andre folkevandringar (del 2)


Author:

Author ImageMagnus Haaland

Me kjem alle frå Afrika. Men nøyaktig kor og når oppstod me menneske, og korleis enda med opp med å kolonisere heile jordkloden?

I førre innlegg freista eg å setje dette med opphav og folkevandringar i Norge inn i eit større historisk og prehistorisk perspektiv. Kommentarfeltet i etterkant vart dominert av personar som meinte at eg anten la til grunn eit fór positivt syn på migrasjon eller at det eg skreiv ikkje hadde relevans notidas samfunnsutvikling.  Til desse vil eg kort påpeike at eg først og fremst laga ei generell syntese basert på historiske, arkeologiske, lingvistiske og genetiske kjelder. Målet mitt var å på ein personleg måte skildre nokre av dei store linene i norsk og Skandinavisk migrasjonshistorie,  samt gje lesaren eit litt annleis perspektiv enn det som kjem fram i dagens mediabilde.  Eg takkar uansett for alle innspela som kom inn.

Men, som lova, kjem eg no til del 2 av historia om oss sjølve. I førre artikkel slo me altså fast at for å forstå kven vi eigentleg er og kvar vi kjem frå må me langt tilbake i tid, og me må sjå utanfor våre eigne landegrenser. I det følgjande vil eg derfor peike på nokre generelle trekk ved vår eigen evolusjonære migrasjonshistorie, og vert med eitt historia veldig mykje eldre og større!

Alt starta i Afrika (7 til 2 – millionar år sidan)

Sahelanthropus_tchadensis_reconstruction

Sahelanthropus tchadensis rekonstruksjon. Wikimedia Commons.

Mennesket sit historie byrjar i Afrika. Det er nemlig her paleontologar har funne verdas eldste, menneskeliknande fossile materiale; hovudskallar og skjelett frå utdøydde slekter og arter som ein ser for seg kan tilhøyra dei nedste greiene på det evolusjonære slektstreet vårt. I 2002 vart det i Tchad oppdaga ein fossil hovudskalle som raskt fekk kallenamnet «Toumaï» (livets håp). Toumaï eller Sahelanthropus tchadensis skulle vise seg å være om lag 6-7 millionar år gammal og hovudskallen har både ape- og menneskeliknande trekk. Toumaï var langt i frå eit menneske som meg og deg, og hadde du støtt på eit eksemplar ville du moglegvis trudd det var ei større ape. I dei påfølgande 3-4 millionar årene etter Toumaï er det funne fleire ti-talls fossil med hybride anatomiske trekk. Få av desse minner om oss, og dei er heller ikkje definert som vår slekt. Nokre fossil visar robuste og grove skjelettrekk, andre er nette og smidige. Sams for mange av fossila er at dei over tid (lang tid) synar ein utvikling mot større hjernevolum og ein stadig meir to-beint gange.

Sahelanthropus tchadensis

Sahelanthropus tchadensis rekonstruksjon. Wikimedia Commons.

Homoane kjem på banen (2 millionar – 200 00 år sidan)

Den generelle utviklinga over kulminerer i den aller fyrste arten som tilhøyrar vår eigen menneskelekt, den me kallar Homo. Ein av dei eldste menneske-fossila me kjenner til høyrer til Homo habilis eller «handy man». Homo habilis vart fyrst oppdaga på 60-talet, då dei kjende forskarane Louis and Mary Leakey oppdaga – ikkje berre eit relativt stor-hjerna menneskeliknande fossil – men også grove steinverktøy relatert til desse. Dei daterte Homo habilis til å være om lag 2.3 millionar år gamal.  Kor vidt Homo habilis er vår absolutt eldste menneske-stamfar er ikkje endå avklart. Våren 2015 vart det publisert ny forsking som daterte nye Homo habilis fossil til 2.8 millionar år sida, samstundes som grove og enkle steinverktøy vart datert til 3.3 millionar år. Kven som laga dei aller fyrste steinreiskapane er dermed open for debatt. Kanskje var det fyrste verktøybrukande dyra på jorda ikkje ein gong menneske?

183px-Homo_habilis-KNM_ER_1813

Homo habilis KNM ER 1813. Wikimedia Commons.

Det me i alle fall kan slå fast er at for om lag 1.8 millionar år sidan gjorde ein annen stamfar på slektstreet vårt noko unikt: som første grein på Homo-treet, drog ein av våre forfedre ut frå det afrikanske kontinent, og inn i Europa og Asia. Homo erectus var namnet, og i over halv annan million år gjekke denne fjerne slektningen vår omkring på kloden. Gjennom denne perioden spreidde Erectus med seg steinverktøysteknologi berekna på grove arbeidsoppgåver til tre kontinent: slakting av kadaver, graving i jorda og moglegvis andre enkle oppgåver. Ettersom tida gjekk, vart reiskapane mindre og antakeleg meir spesialiserte.

Homo-Stammbaum,_Version_Stringer-en

Mogleg model for korleis Homo erectus både kan være stamfar og levd samstundes som yngre menneskeartar. Wikimedia Commons.

Om, når og kvifor Homo erectus til sluttdøydde ut, eller om han klarte å overleve til nyare tid nokre stader i Aust-Asia, er framleis eit kontroversielt spørsmål blant forskarar. På ei øy nær Java har for eksempel nokre arkeologar funne heilt spesielle menneskefossil datert til 27 000 år. Arkeologane hevder desse fossila liknar meir på Homo erectus enn på moderne menneske. Viss dette stemmer, er dette er den lengst-levande menneske-arten me kjenner til – inkludert oss sjølv og slår oss Homo sapiens heile ni gonger i alder! Men Homo erectus klarte aldri å ta seg til Amerika eller Australia, og i både Europa og Afrika ser det ut til at han kan døydd ut ganske tidleg til fordel yngre menneskelege prototypar.

Det dei aller fleste er likevel er einige om er at Homo erectus høgst sannsynleg er stamfaren til både Homo heidelbergensis, Homo neanderthalensis, Homo sapiens og fleire andre nær-moderne – no utdøydde  – menneskeartar som me veit levde dei siste 700-800 000 åra.

Homo naledi

I samband med ein diskusjon kring våre eldste forfedre kunne ein lett ha nemnt ein tjuetals fossil ein av har avdekke over heile verda dei siste 50 åra. Ein av dei best bevarte og mest fascinerande fossilfunna nokon gong gjort vart nyleg publisert no i haust (2015). Djupt i ei hole utan for Johannesburg i Sør-Afrika fann nemleg arkeologar i 2012 og 2013 over 1500 bein frå ein hittil ukjent menneskeart. Namnet på den nye arten Homo naledi.

Homo naledi fossilt materiale. Wikimedia Commons.

Homo naledi fossilt materiale. Wikimedia Commons.

Arkeologane har irriterande nok ikkje endå har klart å datere fossila, men utsjånaden deira fortel oss ein spanande historie. Dette var ein menneskeart som var om lag 1.5 meter høg, dei gjekk på to bein men hadde hender som kunne både klarte og bruke reiskapar. Hjernevolumet var på rundt ein tredjedel av vårt volum. Me veit ikkje mykje om Homo naledi enno, anna ein at arten på mange måtar liknar både våre næraste utdøydde slektningar, men samstundes innehadde fysiske trekk som liknar på meir på dei me finn hos apar. Enten kan dette være ein av våre direkte stamfedre som levde litt før eller samstundes med Homo erectus, kanskje for om lag 2.5 millionar år sidan. Eller kanskje står me her overfor ein evolusjonær blindveg, eit biologisk eksperiment som diverre enda i ei hole i Sør-Afrika. Berre vidare forsking vil gje oss svaret på dette.

Homo naledi fossil samanlikna med andre menneskeartar. Wikimedia Commons.

Homo naledi fossil samanlikna med andre menneskeartar. Wikimedia Commons.

Utvikling moderne anatomiske menneske (200 000 sidan)

Her må me gjere eit lite hopp i tid. Perioden mellom 1 million år og 200 000 år er uhyre spanande, men generelt lite forstått. Det har lenge vore ein tendens blant forskarar at det eigentleg ikkje skjer så veldig mykje i denne perioden, men mykje av denne tankegangen kan kome av det faktum at me ikkje har så mykje arkeologisk eller fossilt materiale frå denne tida, og det me har er dårleg bevart og dårleg datert. Det me kan slå fast er at det i denne perioden fantes eit rekkje parallell menneskearter ulike stadar på jorda, og desse var i stand til å bruke reiskapar og bål for matlaging, ljos og varme. Det er i løpet av desse 800 000 åra at me menneske for alvor utvikla større hjernevolum, fleire reiskapstypar og me tek  i bruk fleire økologiske nisjar (stader å bu). Men kva med oss sjølv, Homo sapiens, kor og når finn med dei eldste fossila av noko som uomtvisteleg såg ut som deg og meg?

Igjen må me sjå til Afrika. Sjølv om det altså fantes fleire menneske-artar både i og utanfor Afrika, er det igjen på dette kontinentet at utviklinga av det som i realiteten er oss fann stad. Nærare bestemt i Etiopia, nær Omo-elva, fant Richard Leakey på 60- og 70-talet eldgamle menneskefossil som såg uvanleg moderne ut og innafor det paleontologar definerer som Homo sapiens (om ein noko robuste). Omo-fossila vart ikkje ordentleg daterte før i 2004, og då viste alderen seg å være rundt 195 000 år. Fossila frå Omo er dermed verdas eldste anatomisk moderne menneske.

Einaste bilete utan copyright eg kunne finne av kanskje verdas viktigaste fossil av moderne menneske. Wikimedia Commons.

Einaste bilete utan copyright eg kunne finne av kanskje verdas viktigaste fossil av moderne menneske: Homo sapiens fossil frå Omo, Etiopia 195 000 år gamle. Wikimedia Commons.

Herto, Etiopa. Funnstad for Homo sapiens idaltu. Wikimedia Commons.

Herto, Etiopa. Funnstad for Homo sapiens idaltu. Wikimedia Commons.

Men her må det nemnast noko viktig! Eit anna fossil, også funne i Etiopa, kastar ljos over eit mykje oversedd poeng med vår eigen evolusjon: nemleg at utvikling av oss sjølve ikkje følgjer ein enkel og lineær struktur. I 1997, i vart det nemlig funnen og datert fleire menneskefossil frå ein stad kalla Herto, til ca. 160 000 år sidan. Det spesielle med desse fossila er at det liknar umiskjenneleg på oss, Homo sapiens. Men Herto-fossila innehar samstundes meir arkaiske trekk enn fossila funnen i Omo. Herto-funa er altså 35 000 yngre, men ser eldre ut! Dette fortel oss at sjølv innanfor eit relativt lite område kan det ha teke lang tid å etablere ein felles «anatomisk» standard for oss Homo sapiens, kan hende på grunn av folkeforflytningar og isolerte populasjoner. Herto-fossilet blir referert til som Homo sapiens idaltu (idaltu betyr førstefødd eller eldre på språket afar).

Homo sapiens idaltu. Wikimedia Commons.

Homo sapiens idaltu fossil frå Herto, Etiopia, 160 000 år gamal. Wikimedia Commons.

Me kan uansett seie at mykje av vårt noverande, biologiske utgangspunkt var til stades i Afrika for rundt 200 000 år sidan. Men dette betyr ikkje at me plutseleg ein dag gjekk frå å vere ape til å vere menneske. Ser ein på våre evolusjonære historie må ein anta at fleire grunnleggande trekk me reknar for å vere djupt og unikt menneskelege, antakeleg har djupare røter enn berre vår eigen underart. Det er for eksempel mogleg – ja kanskje mest sannsynleg – at eigenskapar som språk og kompleks sosial organisering allereie var på plass i tidlegare prototypar av oss sjølve.

Vegen frå Afrika (120 000 år sidan)

Og kan hende er det slik me må sjå på oss sjølv: som eit resultat av et lappeteppe av ulike menneske-prototypar som dels levde på same tid og dels døydde ut, nokre meir suksessfulle enn andre under skiftande klimatiske forhold. Me er kanskje rett og slett eit sluttprodukt kor summen av åtferd og biologi plutseleg klaffa noko heilt usannsynleg bra; ja så bra at me på sett og vis endra spelereglane for vidare biologisk utvikling og tilpassing. For i dag er det ikkje lenger naturen som set premissene åleine for kven som overlev og kven som døyr, og kanskje er det nett denne eigenskapen som definerer oss som moderne menneske?

For me menneske er ikkje berre kjøt og bein, genetikk og anatomi. Me er også tenkjande vesen, me nyttar språk og symbol til å kommunisera med kvarandre, me har utvikla abstrakte system, filosofiar og religion for å organisera liva våre etter. Men når og korleis utviklinga me desse kognitive eigenskapane? Kor tid fekk me eigenleg språk, teknologi og kultur som me kjennar han i dag? Dette er alle særtrekk som me ikkje finn igjen i mange Homo-artane eg har skildra i så langt. Kan hende ligg nett nøkkelen til vår suksess i desse mjukare sidene ved vårt eigen vesen?

Rissa okerbit frå Blombos Hola, 70 000 år gamal. Verdas første geometriske kunst? Wikimedia Commons.

Rissa okerbit frå Blombos Hola. Verdas første geometriske kunst? Wikimedia Commons.

Berre dei siste 5 siste åra har heilt nye funn innanfor arkeologi, lingvistikk og genetikk revolusjonært synes vårt på korleis menneske fyrst oppstod i Afrika og deretter spreidde seg til alle verdas kontinent. I del 3 av dette som viste seg å bli ein heil liten serie om «Historia om oss sjølve og andre folkevandringar» vil eg freiste kome inn på kor tid, når og kvifor me menneske forlèt Afrika. Det viser seg nemleg å være ei langt meir spektakulær og kompleks historie enn ein trudde for berre 10-15 år sidan.

Følg med!

2 thoughts on “Historia om oss sjølve og andre folkevandringar (del 2)

  1. Author ImageKjell A Prytz

    Spennende med parallell utvikling til samme tid- ser frem til å se hvilke faktorer som har påvirket forskjellig – klima- miljø- næring- befolkningstetthet med evt konkurranse. Kvalitetsforskjell?

Comments are closed.