Kampen mot den andre på Facebook


Author:

Author ImageLars Nyre

Eg sjekkar Facebook veldig ofte, men til tider vert eg nesten kvalm og må ta ein pause. Kvifor er det slik?

Historia byrja med at eg drog til Paris for å vere med på eit seminar om “Den andres fenomenologi”. Der sto den franske filosofen Jean Paul Sartre (1905-1980) på programmet, og medan eg høyrde på foredraga fekk eg ein idé. Kanskje han kan hjelpe meg å forstå det rare forholdet eg har til Facebook?

Eg forstår meg sjølv gjennom den andre

Sartre har ein dramatisk teori om menneskeleg forståing. Her er det full kamp heilt til eg trekkjer mitt siste pust. Sjølvmedvit kan nemleg berre oppstå i konflikt med “Den andre”. Vi set alle oss sjølve fyrst, men eksisterer likevel berre gjennom oppfatninga (blikket) til den andre.

Dei andre menneska er difor ei konstant påkjenning. Dei skal alltid sjå på meg og definere meg og ramme meg inn, og dette kallar Sartre “objektivering”. Eg treng å bli observert av den andre for å skjøne kven eg er, og eg føler meg tvinga til å handle i pakt med den andre sine forventningar.

Jean Paul Sartre (1905 - 1980) sit som vanleg på ein kafé i Paris. Biletet er henta herifrå.

Jean Paul Sartre (1905 – 1980) sit som vanleg på ein kafé i Paris. Biletet er henta herifrå.

Eg objektiverer den andre

På Facebook kjem det smarte objektiveringar over skjermen dagen lang. Å vere på Facebook inneber nesten pr. definisjon å objektivere den andre. Det kan vere eit kompromisslaust “du har misforstått”, eller eit hatefullt “din jævla rasist”. Men det kan og vere knytt til nærare relasjonar, slik som i “sjå den morosame kattevideoen” eller “her er vår nybakte kake til 17. mai”.  Alle gjer seg viktige for meg, seier Sartre.

Eg “likar” nokon av oppdateringar, svarar på nokon også, men ignorerer dei fleste. Viss eg vil kan eg bruka skepsis, spydige kommentarar og konfronterande retorikk for å få den andre til å føya seg. Den andre viser seg for meg slik han trur at eg vil sjå han, godt hjulpen av alle kategoriane på Facebook (tekst, tagging, foto, likes, deling, etc.). Slik gjer eg den andre ufri på Facebook, ville Sartre seie.

Nokon likar godt å bli posisjonert slik av den andre, og dei er perfekte til å vera på Facebook. Sartre kallar det masochisme når nokon likar å gje avkall på fridomen sin, og viljug føyer seg etter den andre sitt blikk.

Eg objektiverer meg sjølv

Facebook hjelper til så eg kan framstilla meg som ein smart person, flink på jobben og ein glimrande far. Eg skriv innlegg, legg ut fotografi, og ventar på bekreftande likes. Slik positiv respons bekreftar min sjølvpresentasjon, og det kan vera omtrent som ein rus.

Men denne typen Facebook-profilering er å forstå som eit bevisst sjølvbedrag, ville Sartre seie. Her handlar eg i vond tru. Sartre fortel om kelneren som spelar kelner akkurat litt for ivrig. “Han har livlige og markerte bevelser, litt for presise, litt for hurtige […] hans øyne uttrykker en interesse som er litt for full av omsorg for kundens ordre”.

Overført til Facebook så framstiller eg meg sjølv litt for flinkt, med akkurat litt for perfekt fotostil og litt for ironisk tone. Då kan eg plutseleg føle det som eg vert avslørt av den andre; som om nokon oppdaga meg mens eg gjorde vulgære positurar framfor spegelen. Då får eg skamkjensle, slik Sartre beskriv det.

Eg har nemleg lært noko om meg sjølv som eg ikkje ville vite. Sartre seier at den andre er “den uunværlige formidler mellom meg og meg selv: jeg skammer meg over meg selv slik jeg framtrer for den andre” (Sartre, s. 101).

Ei maskin for vond tru

Eg byrja innlegget med eit hjartesukk. Eg sjekkar Facebook altfor ofte, og nokon gonger blir eg omtrent kvalm. Og dette skuldast utifrå Sartre at så mykje av kommunikasjonen foregår i vond tru.

Facebook hjelper oss å kategorisere og vurdere den andre, men er dårleg til å uttrykke kjærleik. Ifølge Sartre handlar kjærleik nemleg om å akseptere den andre som eit fritt subjekt. Den eg elskar er sett fri frå blikket mi, og eg reknar sjølv med å vera frå hennar blikk. Eg kan uttrykke meg om alt eg er engasjert i langs heile skalaen frå sjølvbedrag til ærlegheit.

Slik fridom er det lite av på Facebook. Der er det så mange verktøy for å objektivere kvarandre at mediet nærmast er ei maskin for vond tru.

Foto ved Bjarne Rogan, Centre Universitaire de Norvège à Paris. Gatekunsten er signert “HuskMitNavn”.

Kjelder:

Sartre, Jean Paul (1993) [1943] Væren og intet i utvalg. Oslo: Pax forlag.

Sartre, Jean Paul (2015) [1943] Væren og intet : et essay om fænomenologisk ontologi. Bokklubbens kulturbibliotek.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *