Livet i bobla


Author:

Author ImageLars Nyre

Folk brukar øyretelefonar og høyrer musikk på mobilen når dei går gjennom byen. Me har alle sett dei, og ofte gjer me det sjølve. Korleis er livet inni denne lydbobla?  

Eg stilte meg dette spørsmålet i fjor haust. Då budde eg i London eit halvt år med familien, og skulle studera medieåtferd blant folk der. Eg byrja med å observera kva folk gjorde i gatene og på T-banen, og det var lett å sjå kor mange som brukte mobil med øyretelefonar.

Det er jo svært bråkete i London, med hard trafikkstøy overalt, og annonseringar, kvining i bremsar og mykje kav på T-banen. Det er rimeleg å tru at folk stenger ute nokon av inntrykka ved å høyra på musikk (eller andre programtypar) i øyretelefonar. Då kan dei lettare fokusera og navigera vidare i byen.

Her ligg det eit forskingsprosjekt og ventar på meg, tenkte eg. Korleis kan ein best skildra opplevinga av å vandra gjennom den bråkete byen med øyretelefonar på?

Det finst relevant forsking frå før. Den såkalla boble-effekten er skildra godt av Michael Bull (2008), som forska på iPod-bruk i USA og Storbritannia. Folk likar å føla seg i fred for andre når dei er på flyplassar, skuleplassar og kollektivtransport. Det dempar aggresjonen.

Eg ville altså gå djupare inn i det same temaet, og rekrutterte ti informantar i Central London. Dei vart bedne om å prøva “noise-cancelling headphones” i 3-4 dagar, så intervjua eg dei om opplevinga. Slike øyretelefonar er mykje brukt av flypassasjerar, og fungerer ved at mikrofonar på utsida plukkar opp all støy og nullar den ut i brukaren si lyttaroppleving. Du kan høyra på den nye stillheita, eller du kan spela musikk. Slike øyretelefonar ville truleg gje ei endå sterkare kjensle av boble hjå informantane, var min hypotese. Eg valgte Bose QuietComfort 15.

Her er tre innsikter frå prosjektet:

1. Det vert stille og fredeleg. Agnes (50): “I nokon område kunne eg ikkje høyra noko, og det var heilt fantastisk! Faktisk så vandra tankane mine sin eigen veg, og då høyrde eg ingenting. Sjølv då eg gjekk inn i butikkar høyrde eg ingenting, så eg vart heilt oppslukt av det”.

2. Du vert sosialt isolert frå menneska rundt deg. John (38) “Du føler deg litegrann avskrudd frå andre folk, men på ein god måte. Eg følte at eg vart plassert i mitt eige rom, og det var særleg tydeleg på T-banen og toget. Nett i stad var det ei gruppe med ungar i mi vogn på T-banen, og dei rappa og styrte på. Då eg tok på desse [høyretelefonane] kunne eg sjå munnane deira fortsetta å bevega seg, men eg følte meg fullstendig ute av kontakt med dei. Dette var faktisk ganske fint [nice]. Dei skil deg veldig ut frå dei andre”.

3. Nokon informantar er veldig individualistiske. Laura (27): “Du føler det verkeleg som at du er i di eiga verd. Folk snakkar ikkje til deg, dei spør ikkje spørsmål, ingen veit kva du lyttar til. Ingen andre veit kva som foregår. Det er berre for deg sjølv. Det er ein 100 % personleg ting, og det er fint”.

Kort oppsummert så er livet i bobla stille og fredeleg, isolert frå andre folk, og ganske sjølvsentrert.

Bruk av øyretelefonar i urbane omgjevnader utgjer ei stor, men dårleg forstått offentlegheit. På mobilen er det Spotify og iTunes som er dei store aktørane, medan tradisjonelle medier som NRK eller BBC ikkje er spesielt mykje brukt. Tradisjonelt liveinnhald på radio er for eksempel ikkje særleg populært blant mine informantar.

Kva synest dei om å høyra på radio på mobilen? Det skriv eg om i neste blogginnlegg.

(Foto: Barbara Wendelbo).

4 thoughts on “Livet i bobla

  1. Author ImageRobertAksland

    Når man er ferdig med en dag på jobben og setter seg på bussen er det så godt å finne den rette sangen som både nøytraliserer etterdønningene etter jobben og som kobler deg bort fra omgivelsene. Det er ikke sjelden jeg gleder meg til å få kommet meg på bussen og har i god tid tenkt ut hvilke låter jeg skal sette på. Ingenting gir opplevelsen av ordentlig pause som akkurat det. Pause fra absolutt alt.

    Reply
  2. Author ImageFrodeFF

    Da min Crative Zen har FM-radio hender det at jeg hører på radio når jeg er ute å sykler eller går. MEN, som oftest er det dårlig dekning innimellom store bygg og man får tilført støy i tillegg til larm fra trafikk og utallige butikker/kiosker med P3 på full guffe. Likeså skal alt i dag digitaliseres. Noe som medfører at konvensjonelle radioer, hvilket jeg har flere av, bare blir redusert til miljøfarlig e-avfall. Vurderer å forlange erstatning via et departement for ikke å stoppe den stadige endringen av formater av skjermer og sendemåter. Erstatning for alle de fungerende apparatene jeg nå bare kan kaste.

    Når det kommer til støykansellerende hodetelefoner opplevde jeg heller noe som utartet seg som dotter i ørene. Det var rett og slett ubehagelig. Så nå velger jeg å kansellere støy med musikk etter eget valg, og da ble det store hodetelefoner med god støydemping i stedet.

    Frode Fredriksen

    Reply
    1. Author ImageJesp

      Flott, tusen takk for informasjonen din Fredriksen. Dette var veldig nyttig for meg.
      Når jeg går rundt med min batteridrevne grammofonspiller, så irriterer jeg meg sterkt over de ujevne gatene i sentrum. Det er nesten umulig å få til en jevn avspilling. For ikke å snakke om brostein og alle de fellene som de representerer. Stadig hopping i sporene/musikken er dessverre blitt dagligdags nå.
      Og de store byggene du snakker om – helt med deg på dette! For det første tar de dekning fra FM båndet, for det andre lager de også ekko/resonnans når jeg spiller “live” fra grammofonen. Det ødelegger litt av lydbildet for meg! Særlig stående frekvenser mellom to store bygninger irriterer noe voldsomt! Her burde det vært regelverk som forhindret denne typen bygg.
      Neida, Ola Dunk finner vel på en måte å ødelegge for oss uansett, Fredriksen. Tenker det neste nå er at man ikke lenger kan høre på radio, men må ha slike briller fra Yahoo eller Google til å få inn live sendinger rett i huet. Skremmende! Rett og slett skremmende.

      Reply
  3. Author ImageLars A Lauvås

    Hodetelefoner med aktiv støydemping er greie å ha på fly og buss der hoveddelen av støyen er forholdsvis lavfrekvent og jevn. De virker ikke fullt så effektivt på tilfeldig støy, rett og slett fordi elektronikken ikke er rask nok. Lyden må gå like raskt gjennom mikrofonen og elektronikken som lyden bruker inn øregangen til trommehinnen og det klarere i alle fall ikke mine Koss telefoner.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *