Matvett – ein kollisjon mellom fornuft og følelsar


All mat er farleg, og alt er usunt. Det einaste som kan redde helsa di er om du bytter ut brød med aubergine, og sluttar å drikke kumjølk og heller lagar dine eigne smoothies av algar og gras. Og du kan ikkje ete sukker, og i alle fall ikkje frukt. Helst bør kosthaldet ditt være basert på høge doser av vitaminer og oppkonsentrerte plantestoff i pilleform.

Men er det så enkelt – og så dyrt?

Det beste skal visstnok være å ete slik som forfedrane våre, men kva i all verda åt dei? Eg tviler på at dei fekk i seg optimalt med næringsstoff gjennom heile året, uansett kor dei var busett og kor langt tilbake i tid vi skal sjå. Tilgangen til friske frukter, bær og grønsaker var avhengig av årstider, og jaktlukka var kanskje ikkje like god kvar veke. Men eg er ganske sikker på at dei ikkje drakk blåbær-smoothie med banan og hønseegg kvar dag, og at dei heilt sikkert åt meir variert enn det gjennomsnittsnordmannen gjer i dag. Dei drista seg sannsynligvis til og med til å ete innvollar og insekt sjølv om det ikkje såg så innbydande ut.

Ernæring handlar om samanhengen mellom kosthald og helse. Det handlar om maten som går inn og det som skjer med maten i kroppen. Vi veit ganske mykje om kva et sunt kosthald bør bestå av, og kva matvarer vi ikkje bør ete for mykje av. Dei aller færraste er i tvil om kva som er sunnast når valet står mellom brokkoli og iskrem, eller mellom grillpølser og gulrot. Men likevel merker vi dette suget etter meir informasjon om ernæring og kosthald, og aller helst ein “quick-fix” som løyser alle problem, gjerne i form av ei lita pille.

Akkurat dette ønsket om lettvinte løysingar er det mange som har oppfatta, og den norske marknaden fløymer over av kosttilskot der det aller aller meste manglar dokumentasjon eller har dårlig dokumenterte helseeffektar. Tankegangen ser ut til å være at om litt vitaminer er bra, så må mykje vitaminer være enda betre. Og ettersom planter trenger klorofyll så er det sikkert bra for oss også, og detox (avgifting av kroppen) er heilt nødvendig for å tømme tarm og nyrer som i utgangspunktet har akkurat tømming som spesialkompetanse. Det er heilt til å bli svimmel av.

Det er ikkje så lett å stå imot løfta som gis for kosttilskot, for desse produkta er som regel godt marknadsførte og lover mellom anna meir energi, lengre liv, betre helse, betre sexliv, meir hår der vi vil ha det, betre hukommelse, betre humør, meir musklar og mindre fett. Og det er store pengar å tene på dette for dei som er glad i slikt: omsettinga av helsekostprodukt i Noreg i 2012 var på svimlande 2.6 milliardar norske kroner. Det er klart at mange av dei som tener pengar på desse produkta utnytter kunnskapsløysa til forbrukarane, men dei utnytter og det (desperate) behovet som folk har for å løyse eigne helseutfordringar på eigen hand.

Alle et og drikk, og nesten alle har ei meining om ernæring. Dette er for meg dei to viktigaste grunnane til at å arbeide som forskar innan ernæring er så utruleg spennande. I Noreg har vi vore flinke til å debattere nye diettar og trendar, og sjølv om debattane sjeldan har vore særskilt tunge vitskapeleg sett så har dei vore viktige for å utfordre tankegangen i etablerte forskingsmiljø. Men desse debattane har og vore viktige for å drive opp omsetninga på helsekostprodukt. Ofte er dessverre ønsket om inntening godt skjult hos mange av debattantane, som lever godt på å halde kurs og foredrag, gje ut bøker og selge spesialprodukt som høyrer til desse diettane. Paradoksalt nok så klarer ofte desse samme personane å komme med påstandar om at dei statlege kostråda er ein konspirasjon for å auke inntektene til det norske landbruket.

Eg håper at vi framover vil sjå debattar som er betre begrunna i vitskapelege funn, og at forskarar og kliniske ernæringsfysiologar i større grad vil bidra til diskusjonar. Da vil det forhåpentlegvis bli slutt på ikkje-underbygde påstandar som at personar med strømoverfølsomheit bør ta tilskot av lipoprotein, at vassmolekyler har telepatiske evner, at det er betre å ta c-vitaminer enn vaksine mot svineinfluensaen, og at det er helt naturlig for oss å ete gras og algar.

Ein kan ikkje ha god helse utan god ernæring. Dei aller fleste kan dekke næringsbehovet sitt ved med eit normal kosthald – det både smakar betre og er billegare enn å basere seg på kosttilskot. Men i kampen mellom fornuft og følelsar så er det ikkje alltid fornuften seirar.