Miljø og sivil ulydnad


Author:

Author ImageSteinar Bøyum

Natur og Ungdom utfører sivilt ulydige aksjonar i kampen mot sjødeponi i Førdefjorden. Direktøren i Nordic Mining kallar det eit “hån mot demokratiet”.

I Noreg har me ein viss tradisjon for sivil ulydnad i miljøsaker, frå Arne Næss i Mardøla til bunadsjentene i Hardanger. Og no altså aksjonistane på Engebøfjellet. Sivil ulydnad er per definisjon ulovleg, men kan likevel vere rett. På den eine sida har ein plikt til å kjempe mot urettferd. På den andre sida har ein plikt til å følgje demokratiske lover. Men kva er rett å gjere når demokratiet gjer urett?

Ein av dei mest kjende teoriane om sivil ulydnad er utvikla av John Rawls. Sjølv om han ikkje skreiv noko om norske fjordar, kan Natur og Ungdom finne støtte for aksjonane sine i tankane til den største politiske filosofen på 1900-talet.

Rawls definerer sivil ulydnad som ei offentleg, ikkje-valdeleg og ulovleg handling gjort for å endre lovene eller politikken til ei demokratisk regjering. Handlinga må også vere gjort ut frå eit prinsipp om rettferd. Det gjeld ikkje som sivil ulydnad dersom ein gjer handlinga ut frå rein eigeninteresse: Dersom eg lenkar meg fast til anleggsmaskiner fordi den fine utsikta frå verandaen min er trua, så er det ikkje sivil ulydnad.

Tre vilkår må vere oppfylte for at sivil ulydnad skal vere legitim. For det første må sivil ulydnad utførast i protest mot klar urettferd. Ein kan ikkje bryte lover for å få bompengeavgifta opp eller ned fem kroner. For det andre skal sivil ulydnad vere siste utveg. Først når ein har forsøkt å få til ei endring gjennom dei vanlege kanalane, og dei politiske partia og majoriteten av folket har vist seg apatiske eller umedgjerlege, kan sivil ulydnad vere rett. Det tredje vilkåret er at aksjonen er avgrensa slik at den sivile ulydnaden ikkje fører til at samfunnet bryt saman og at rettferd blir endå vanskelegare å realisere.

Alle desse vilkåra ser ut til å vere oppfylte i mange miljøsaker. I tillegg er sivil ulydnad særleg relevant når uretten blir gjort mot dei som sjølve ikkje har ei stemme i demokratiske val, til dømes menneske som endå ikkje er kome til verda.

Når Rawls skreiv om sivil ulydnad, hadde han nok først og fremst den amerikanske borgarrettskampen i tankane. Men interessant nok har eit av eksempla hans å gjere med nettopp omsynet til framtidige generasjonar.

I følgje Rawls kan ein ikkje handsame generasjonar ulikt eine og åleine fordi dei kjem før eller etter i tid. Temporal plassering er moralsk irrelevant. Det tyder at dersom me i den nolevande generasjonen prioriterer våre eigne interesser framfor interessene til seinare generasjonar, så handlar me urett. Ei slik urett kan gi grunn for sivil ulydnad, seier Rawls. Dersom ei regjering fører ein politikk som øydelegg for framtidige generasjonar, kan sivil ulydnad vere både rimeleg og nødvendig, også dersom regjeringa har demokratisk støtte for politikken sin. Ein kan også merke seg at akkurat det same argumentet gjer at det kan vere rett for ei regjering å gå imot folkefleirtalet av omsyn til framtidige generasjonar. Dersom folket går inn for politikk som skadar framtidige generasjonar, bør ei regjering tvinge gjennom dei nødvendige tiltaka, så å seie i namnet til våre barn, barnebarn og deira barn igjen.

Ein kan difor spørje: Når går nokon inn for sivil ulydnad for å bremse global oppvarming?

2 thoughts on “Miljø og sivil ulydnad

  1. Author ImageSindre Westgård

    Aksjonistene som nå lenker seg bryter da med minst ett av kriteriene. Klagene er enda ikke avgjort. Det er også svært tvilsomt, jeg vil påstå feil, at deponeringen i Førdefjorden fører til skade for fremtidige generasjoner. Inntektene vil heller, om man bruker dem klokt, sikre livsgrunnlaget for de samme generasjonene. Det er her miljøbevegelsen burde sette inn støtet! Det de driver med nå er å svekke sivil ulydighetsvirkemiddelet for fremtidige generasjoner..

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *