Plikt til å elske?


Author:

Author ImageSteinar Bøyum

Dei aller fleste foreldre elskar barna sine umåteleg høgt. Men enkelte foreldre slit med kjenslene for eigne barn.

Har barn rett til å bli elska? Når eg stiller folk dette spørsmålet, får eg ein av to reaksjonar. Nokre seier med ein gong “Ja, sjølvsagt!”. Andre måpar litt, dreg på det, synest liksom det er noko rart med spørsmålet, før dei seier noko i retning av “Kanskje ikkje akkurat rett, men …” Dei same synspunkta finn ein att i den filosofiske debatten om dette spørsmålet.

Dei aller fleste foreldre elskar barna sine. Det er sjølvsagt ein god ting, om enn det finst foreldre som så å seie elskar barna sine for mykje, slik at barna opplever foreldrekjærleiken som kvelande. Men det finst foreldre som slit med å kjenne kjærleik for barna sine. I nokre tilfelle kan det vere forbigåande, som med fødselsdepresjonar, men for andre kan det bli ein permanent tilstand. Ein søkjerunde på internett avdekkjer mange slike skjebnar. Foreldre som må vedgå for seg sjølve at dei ikkje elskar barna sine, har ofte skuldkjensle. Dei føler at dei gjer noko galt og kjenner seg som dårlege menneske. Men gjer dei verkeleg noko galt?

Det er vanleg å tenkje seg at rett og plikt heng saman. Dersom barn har rett til å bli elska, har difor nokon andre, fortrinnsvis foreldra, plikt til å elske dei. Men kan ein ha plikt til å elske nokon? Her finst det to ulike syn.

I følgje det første synet kan ein ikkje ha plikt til å elske barna sine, fordi kjærleik er ei kjensle, og kjensler kan ein ikkje kontrollere. Ein kan ikkje ha plikt til noko som ein ikkje er herre over. Dette synet vart formulert på klassisk vis av Immanuel Kant på 1700-talet: “Kjærleik er eit spørsmål om kjensle, ikkje vilje, og eg kan ikkje elske fordi eg vil, og endå mindre fordi eg bør; å ha plikt til å elske er difor absurd”. Ein kan ha plikt til å gi omsorg, men ikkje til å elske.

I følgje det andre synet er ikkje kjensler fullstendig uvilkårlege. Refleksjon over og arbeid med eigne kjensler kan leie til at kjenslene blir endra, noko som psykoterapi viser. Kjensler kan, som allereie Aristoteles var inne på, kultiverast. Dessutan er ikkje kjærleik berre ei rein kjensle, men er vevd inn i handlingar. Difor kan ein ha plikt til å elske, og barn kan ha rett til å bli elska, noko som sjølvsagt ikkje tyder at ein normalt sett skal elske barna sine fordi det er ei plikt.

Sjølv har eg mest sympati med det første synet. Eg nektar ikkje for at ein bør prøve å kultivere fram ei kjensle av kjærleik, og at ein bør søkje hjelp om ein ikkje får det til, men eg vil likevel hevde at dette er noko anna enn å ha plikt til å elske. Når eg les om foreldre som slit med å elske barna sine, tenkjer eg difor at dette er trist, men ikkje at dei gjer noko galt. Det er tragisk, men ikkje umoralsk.

For tekstar om andre og liknande spørsmål, gå til www.politiskfilosofi.no

5 thoughts on “Plikt til å elske?

    1. Author ImageHarriet

      Men barn fortjener å bli elsket ! Barn som lever uten kjærlighet, blir ensomme innvendig. De har ikkebedt om å bli fldt.

      Reply
  1. Author ImageSprudlum

    “Det er vanleg å tenkje seg at rett og plikt heng saman. Dersom barn har rett til å bli elska, har difor nokon andre, fortrinnsvis foreldra, plikt til å elske dei. ”

    Om en ønsker å grave litt dypere i denne problematikken, kan distinksjonen mellom ‘claim rights’ og ‘liberty rights’ være informerende.

    https://en.wikipedia.org/wiki/Claim_rights_and_liberty_rights

    https://en.wikipedia.org/wiki/Wesley_Newcomb_Hohfeld

    Kommentaren blir sikkert snart slettet, og de som er redd for faren anonyme innlegg kan medføre, anbefales å klikke lenkene før det er for sent..

    Reply
    1. Author ImageSteinar Bøyum

      Takk for lenker – forholdet mellom rett og plikt er sjølvsagt meir komplisert enn eg gjer det til i innlegget. Og sjølv om ein skulle halde fast ved, som eg gjer, at det er eit slikt forhold, så er det ikkje sikkert at plikta til å sørge for at barn blir elska fell på foreldra. Matthew Liao, som snart kjem med ei bok om dette, hevdar i ein artikkel at denne plikta fell på samfunnet som heilskap.

      Reply
  2. Author ImageErik Pål

    Alle elsker noe. De som elsker seg selv, bilen sin, karrieren etc. høyere enn barna sine er rett og slett noen dritt-mennesker.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *