THE LITTLE SCHOOLMISTRESS

Privat leksehjelp: Urettferdig og uunngåeleg


Forfatter:

Author ImageSteinar Bøyum

Privat leksehjelp brer om seg. Men er det rettferdig at ressurssterke foreldre kan kjøpe privatundervising for barna sine?

Bruken av privat leksehjelp er tredobla sidan 2008. I enkelte område blir det sagt å vere ”helt normalt” å ha privatlærar. Likevel er dette på ingen måte eit reint Oslo Vest-fenomen. Også i Bergen er det fleire selskap som tilbyr privatundervising.

Det er ikkje så rart at foreldre kjøper slike tenester. Skuleprestasjonar har stor tyding for korleis det går med barna seinare i livet, og foreldre flest elskar barna sine så høgt at dei vil det beste for dei. Ut frå desse to premissa er det snarare rart at det ikkje er fleire som nyttar privatundervising og at det ikkje har breidd om seg tidlegare, særleg med tanke på kor vanleg dette er i mange andre land.

Er slik privatundervising urettferdig eller berre bra? Og dersom det er urettferdig, bør ein forby det?

Kostbar privatundervising verkar å vere urettferdig. Det bryt med eit moralsk prinsipp om sjanselikskap som mange seier at dei støtter. Privat leksehjelp vil til dømes gi barn frå pengesterke heimar betre sjansar til å lukkast i utdanningssystemet enn andre barn, noko som seinare gir dei betre tilgang til verdifulle gode som pengar, makt og fridom. Som kunnskapsministeren seier, “Det er dine evner og anlegg som skal avgjøre, ikke hvilket hjem du kommer fra”. Men dersom han verkeleg meiner dette, som eg er litt i tvil om han gjer, bør han vel strengt tatt gå inn for å forby privatundervising, og det trur eg ikkje han vil.

Men skal ikkje foreldre ha rett til å gjere som dei vil for barna sine? Eigentleg ikkje. Ein har til dømes ikkje rett til å mishandle barna sine, heller ikkje dersom ein meiner at dette er rett å gjere. Men har ikkje foreldre i alle fall rett til å gjere det som er best for barna sine? Ikkje utan vidare. Eg har til dømes ikkje rett til å bestikke rektorar og lærarar for å gi barna mine ekstra fordeler, heller ikkje dersom dette er til det beste for barna. Sosial rettferd set med andre ord grenser for kva foreldre bør gjere for barna sine.

Privatundervising er problematisk nettopp fordi det bidrar til sosial urettferd. Ein bør difor ikkje oppmuntre til bruk av slik privatundervising, til dømes ved å gi skattefrådrag for utgifter til leksehjelp, slik ein har hatt i Sverige

Samtidig er det vanskeleg å forby privatundervising. Og medan det går an å regulere privatskulemarknaden, er det verre å regulere privatundervising. Sjølv om ein skulle prøve å forby større selskap som driv med dette, kan ingen hindre meg i å stikke nokre hundrelappar til ein oppegåande gymnaselev for at han kjem heim til meg og hjelper son min med matematikk.

Eg trur difor det er fint lite å gjere med dette. Privat leksehjelp er komen for å bli. Det er ei urettferd som eg er redd me må akseptere. Men me har to botemiddel som i det minste kan dempe urettferda: Å sørgje for at alle får eit så godt skuletilbod at det blir mindre behov for privatundervising, og å redusere økonomiske skilnadar slik at barn i større grad har like sjansar til å gjere det godt på skulen og i livet elles.

En tanke om “Privat leksehjelp: Urettferdig og uunngåeleg

  1. Author ImageJon Inge Teigland

    Verden er urettferdig.

    Derimot er ikke privat leksehjelp urettferdig. Eller dvs, det er like urettferdig som arv.
    Dersom foreldre skal ha lov til å gi pengene sine videre til barna sine gjennom arv, så må det også være lov for foreldre å bruke pengene sine til å gi ungene andre fordeler i verden.

    Det å se på privat leksehjelp som urettferdig er grunnleggende komministisk, og viser at forfatteren egentlig ikke synes at foreldre skal ha lov til å hjelpe barna sine i det hele tatt, men at i stedet skal Staten ta seg av alt, og fordele alle ressurser jevnt utover alle barn.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>