Reduser kostnader ved endring


Author:

Author ImageMonica Rydland

Endring er sjeldan gjort på 1-2-3 og endringar kostar både tid, pengar og krefter. Men nokon får det betre til ein andre. Kva gjer dei?

Innan endringsteorien vert forskaren Lewin sett på som ein av grunnleggjarane av vår tenking kring endring. Trestegsmodell han utvikla skildrar korleis endring går igjennom tre steg. Frå 1) klargjere for endring 2) gjennomføre sjølve endringa – og 3) stabilisere organisasjonen i ein ny verkelegheit.

Kjenner du deg att i dette biletet? Eller har me ein tendens til å vere konstant mellom punkt 1 og punkt 2? Kjem endringar parallelt, overlappande og i konflikt med kvarandre?

Endring kan vere så mangt. Ein kan skilje mellom tre typar endringar. 1) Endringar som mindre justeringar i arbeidsprosessane våre, 2) Endringar som omfattar heile organisasjonen vår som omorganiseringar, nedbemanning og nye leiarar, kollegaer. Og 3) Endringar som følgje av teknologiske nyvinningar som revolusjonerer kvardagen vår og får konsekvensar for heile industriar. Mange opplever at endringar som 1 og 2 ikkje er unntaket men normaltilstand. Korleis skal ein då handtere alle endringane og samtidig ivareta daglig drift?

Å endre krev mot til å utfordra både seg sjølv og andre, og det kostar tid og pengar. Endringar kan og skape tap i motivasjon og eit fokus på det indre liv i seg sjølv og i organisasjonen. Dette kan gje utfordringar både for framdrift i endringsprosjekta og ivaretakinga av noverande kundar og brukarar.

Det gode er at endringskapasitet kan utviklast. Meyer og Stensaker (2011) har sett på endring og endringskapasitet gjennom si forsking på privat og offentlige organisasjonar. Dei fann at endringar ikkje er unntakstilstand men normaltilstanden. Og dei fann at organisasjonane dei studerte bygde kapasitet for endring på tre måtar. 1) gjennom knallharde omprioriteringar av ressursane frå noverande organisasjon til endringsprosjekta. 2) gjennom å tilføre menneskelege ressursar til organisasjonen for å få meir kraft i endringa. 3) utvikle endringsforståing og endringsleiar-kompetanse i organisasjon.

Endring er stabilitet og normaltilstanden. Det krev at leiarar på ulike nivå byggjer kapasitet for endring.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *