Sjødeponi – alt du treng å vite for å ha eit ord med i laget


Korleis kan di stemme bli høyrt når det føreligg planar om å opne for mineralutvinning med sjødeponi? Her kjem ei orientering om kva som skjer før slike avgjerder blir tekne.  

Det er mange kjende metallfunn i Noreg, men berre få som er under utvinning. Vi kan dermed gå ut i frå at det vil komme fleire saker som liknar på det som skjer i Førdefjorden, der vi diskuterer fjordøkosystem som deponiområde for gruveavfall. Utvinning med deponi krev planavklaring og fleire konsesjonar. Er du ein brukar av kysten utan særlege eigar- eller næringsinteresser, og ønsker å engasjere deg? Opplever du det som vanskeleg å sjå kva avgjerder som skal takast, og når du bør involvere deg? Det er komplisert. Difor får du her og no ei oversikt over det viktigaste du treng å vite.

Vurderingane om utvinning og deponi gir vide rammer for kva politikarane kan vedta. Då vert sakshandsaminga viktig for å sikre at prosessen fram mot vedtak går rett for seg. Ein føresetnad for handsaminga i slike saker er at fjordøkosystema og dei økonomiske og ikkje-økonomiske verdiane dei representerer, høyrer til fellesskapet. Då må du og eg få kunne vere med i prosessen. Synet på korleis ein moderne rettsstat bør gå fram når slike verdiar skal disponerast og distribuerast, har endra seg markant dei siste tiåra. I dag har vi difor strenge krav til kunnskapsinnhenting der ei slik avgjerd kan ha vesentlege negative miljøverknader, til informasjon om miljøverknader og til høyringar og offentleg medverknad. Målet er å sikre eit slikt vedtak demokratisk legitimitet.

Uttak av mineral krev for det første konsesjon etter minerallova, bygd på ei vurdering av om søkaren har sannsynleggjort at førekomsten er drivverdig. For større førekomstar på meir enn 10 000 m³ masse er det krav om driftskonsesjon frå Direktoratet for mineralforvalting. Til denne kan det setjast vilkår, også for å motverke negative miljøverknader. Søknad om driftsplan skal sendast på høyring til til dømes vertskommunen, men det er ikkje lagt opp til offentleg ettersyn der vi kan medverke. Før utvinninga kan setjast i gang må det også sikrast nødvendig grunnlag i kommunal arealplan.

Enkelte land let staten avgjere mineralutvinning over hovudet på lokaldemokratiet. I Noreg treng uttak av mineral planavklaring etter plan- og bygningslova. Sjølv om lova opnar for at staten kan regulere til gruvedrift, er dette ikkje praksis hos oss. Det kommunale sjølvstyret står tradisjonelt sterkt, slik at kommunen kan setje foten ned for gruvedrift. Kommunestyret kan nekte å fremje eit planforslag om dei ikkje ønsker utvinning. Det skjedde då gruveselskapet Arctic Gold ønska å opne på ny den gamle gruva i Bidjovággi i Kautokeino for utvinning av kopar og gull. Saka stansar då her.

Kjem det forslag om nytt eller utvida mineraluttak i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, skal kommunen gjennomføre ei strategisk konsekvensutgreiing knytt til verknader for miljø og samfunn. Når planen er på offentleg høyring kan du og eg spele inn våre synspunkt.

Viktigare er det at mineraluttak normalt er større bygge- og anleggstiltak med krav om at søkar utarbeider reguleringsplan for tiltaket. Dersom uttaket samla rører ved minst 200 dekar overflate eller femner om meir enn 2 millionar m³ masse, skal tiltaket også konsekvensutgreiast. Denne utgreiinga går meir i detalj samanlikna med kommuneplanen. Også elles kan miljøkonsekvensane, som at tiltak kan verka negativt inn på ein vassressurs, tilseie at det vert krav om konsekvensutgreiing. Forslag til kva som bør utgreiast skal ut på høyring og offentleg ettersyn, og alle konsekvensar av tiltaket er relevante å vurdere, også dei som gjeld forureining. Dernest gjennomfører søkar utgreiinga, som så skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Denne reguleringa med konsekvensutgreiing er den sentrale prosessen for deg og meg, til å spele inn våre synspunkt.

Av forureiningslova § 7 følgjer eit allment forbod mot å forureine. For mineralutvinning, avfallshandtering og deponi må det difor søkast Miljødirektoratet om løyve til utslepp til luft eller vatn. Ei rad næringar er alt nøye regulerte i forskrifter når det gjeld bruk av kjemikaliar. Til dømes er offshoreindustrien regulert i detalj når det gjeld kor giftige kjemikaliar det er lov å nytta og kva mengder som kan nyttast. Tilsvarande regelverk har ein ikkje for gruvedeponi, det betyr at krava til slike anlegg vert fastsette i kvart enkelt høve. For oss betyr det at det er viktig å fremje eventuelle innspel til spørsmålet om konsekvensar av forureining i reguleringsprosessen med konsekvensutgreiing.

Vurderinga av om fellesskapsverdiar skal utnyttast går gjennom prosessar som er tid- og kostnadskrevjande, både for initiativtakar og samfunnet. Framgangsmåten for vedtak om sjødeponi er ikkje noko unntak. Med denne oversikta over sakshandsaminga, veit du kor og korleis det er mogleg å påverke slike prosessar i framtida. Om det er verdt å engasjere seg? Den vide lokal- og nasjonalpolitiske handlefridomen som ligg i regelverket opnar for at aktørar bak sterke og godt organiserte interesser gjerne trekkjer det lengste strået. Står du åleine kan det det vera vanskeleg å nå gjennom. Har du ikkje slike interesser i ryggen, vil eit ønske om å påverke kunne forbli nettopp det.

For fersk gruvejuss, sjå Nordisk miljörättslig tidskrift 2014-1, som i sin heilskap er via utvinningsindustri i nord: http://nordiskmiljoratt.se/earlier-issues.html og min artikkel «Vassdirektivet – konsekvensar for næringsverksemd» i Tidsskrift for Eiendomsrett, 01/2014 s. 11-47.

 

Foto: Michael Gwyther-Jones, Flick via Wikimedia Commons

2 thoughts on “Sjødeponi – alt du treng å vite for å ha eit ord med i laget

  1. Author ImageThomas Remme

    Ytterst få land i verden tillater “sjødeponi” – fordi dette innebærer at store deler av sjøbunnen påvirkes, og for svært lang tid. Finn annen måte å håndtere slagg og avfall på!

    Reply
  2. Author ImageOle Tjugen

    Ytterst få land i verden har muligheten for sjødeponi! Den norske kysten med dype fjorder i umiddelbar nærhet til store mineralressurser gjør norges situasjon bortimot unik. Dermed er det ikke fruktbart å sammenligne med resten av verden.
    De fleste land i verden (inkludert Norge) har derimot problemer med avrenning fra landdeponier.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *