Slik er mellomleiaren


Author:

Author ImageMonica Rydland

Mellomleiaren speler ei avgjerande rolle for å få til endringar. Slik gjer dei det.

Mellomleiaren må forhalde seg til mange ulike og ofte overlappande endringar i organisasjo­nar. Dette kan vere nedbemanningsprosessar, innovasjons­prosessar, endra organisasjonsstruktur, nye kompetansekrav og kostnadskutt. 
I desse endringsprosessane vert endringskapasitet avgjerande. Endringskapasitet betyr å gjennomføre mange parallelle endringar og på same tid sikre at noverande butikk vert drifta effektivt. Dette betyr også at du må gjennomføre endringane slik at ein ikkje øydelegg for evna til å iverksette nye endringar.

Så korleis handterer mellomleiaren slike endringar?

I eit av mine casestudiar følgjer eg 20 mellomleiarar i ein treårig endringsprosess i eit multinasjonalt finansselskap. Basert på intervjudata finn eg tre ulike roller mellomleiaren tek i samband med at verksemda skal iverksette endringar. Rollevalg er viktig. Kva rolle du vel påverkar di evne til å bygge kapasitet for endring.

Ei av rollene mellomleiaren tek er det eg kallar å være marknadsbeskyttar. I denne rolla er det noverande kundar som har første prioritet og mellomleiaren har her ofte sterke relasjonar til kundane sine. Marknadsbeskyttaren sikrar at endringane ikkje vert iverksett på ein slik måte at dei undergrev dagens butikk og omdømmet til organisasjon. 

Den andre rolla er fasilitatoren  som lojalt iverksett endringar innan for sitt område. Mellomleiaren sikrar at endringane får nødvendig fokus gjennom eksempelvis trening og oppfølging av nye ferdigheter.

Til sist har vi rolla som fornyar. Mellomleiaren som er oppteken av å få til nytenking og samspel i heile organisasjonen. Fornyaren skapar ny vitalitet gjennom å ta initiativ til utviklingstiltak som går utover noverande strategi og mellomleiaren sitt ansvarsområde.

Kvar  av desse rollene har sine styrkar og problem. Rollene vil og ha ulik vekt i ulike situasjonar. Til dømes vil aukande endringstakt og evne til rask tilpassing krevje at organisasjonen har fornyarar blant sine mellomleiarar. Samstundes vil ein marknadsbeskyttar si kjennskap til sin marknad vere viktig kunnskap  for å gjennomføre endringa inn mot noverande kundar eller brukarar.

For toppleiinga er det nyttig å kjenne til kva roller dine mellomleiarar tar. Refleksjon rundt rolleval kan også være et nyttig utgangspunkt for deg som mellomleiar for å forbetre di evne bygge endringskapasitet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *