Tre råd til mellomleiaren


Author:

Author ImageMonica Rydland

Mange vil motsette seg endring. Her er grepa du som mellomleiar i endringsprosessar kan ta for å gå frå ord til handling.

Me er alle mellomleiarar seier eg ofte. Ein sanning – med nokre modifikasjonar. Ifølgje forsking er mellomleiarar ei stor og mangfaldig gruppe av leiarar med ansvar for personar og oppgåver på ulike nivå i organisasjonar. Nokon med direkte rapportering til toppleiargruppa, andre med direkte ansvar for medarbeidarar med kundeansvar. Opplever dei rolla si ulikt? Driv dei endring forskjellig? Dette studerer eg.
Eg ser på korleis dei iverkset strategi i to store multinasjonale konsern. I det eine selskapet følgjer eg leiargruppa i eit dotterselskap. Dei er toppleiarar i dotterselskapet men mellomleiarar i konsernet. I det andre selskapet følgjer eg mellomleiarar som har ansvar for næringslivskundar. Nokre av dei med hovudansvar for næringslivkundar innanfor sin region og nokre med ansvar for seljarar innanfor desse regionane.
Mi forsking viser at mellomleiarane grip rolla og endringar ulikt. På vegen for å iverksette endringa er dette nokre grep ein kan ta:
1. Grip endringa
Skap meining av endring. Forsking fortel oss at mellomleiarar brukar tid på å forstå bakgrunn og innhaldet i endringa. Mi forsking viser at mellomleiarar som står støtt i si rolle gjer endringa til si endring. Dei stiller seg konkrete spørsmål før dei kommuniserer endringa til sine medarbeidarar. Kva betyr denne endringa for meg personleg, mitt team og min organisasjon? Korleis kan eg kommunisere endringa med engasjement?
2. Snakk endringa
Det andre grepet mellomleiaren gjer er å gi meining til sine medarbeidarar. Gode grep her er å invitere til dialog og å gjennomføre endringa saman med sitt team. Gjennom dette lar dei sine tilsette få skape meining av endringa. Konkret set dei av tid til refleksjon i lag i staden for rein informasjonsmonolog.
3. Gjer endringa
Det tredje grepet er å gjere nødvendige endringar frå dag ein. Mellomleiaren er tru mot strategien og gjennomfører konkrete endringar i arbeidskvardagen som frigjer tid til å jobbe med aktivitetar for å bli betre innanfor noverande strategi.

Endring er krevjande, men alternativet ofte verre. Den kinesiske filosofen Lao Tzu (604-531 f.kr) oppsummerer dette godt: «If you don’t change direction, you may end up where you are heading”.

One thought on “Tre råd til mellomleiaren

  1. Author ImageRolf Lunde

    Alt dette er et slags byrokratisk oppsop for bedrifter i beskyttede næringer eller tilsvarende samfunn. Kan ikke se at disse problemstillinger er helt aktuelle ute i den frie verden annet enn her på berget. Her har flesteparten av bedriftene bygd seg opp og solt seg i glansen av høy oljepris og etablert sitt eget broilerbyrokrati og godtatt et innefektivt driftsnivå som nå heldigvis vil bli rasert takket nettopp en lav oljepris.

    Reply

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *